2015/07/09

Om Optima-pH produkter til reinhald

organiske_syrer_universalvask2_optimaOptima pH til reinhald.
Universalvask og Organiske syrer pH 3,3.

 

Reinhald og hygiene med låg pH – for miljø og helse

Desse produkta er eit tilbod til dei miljøbevisste, og dei som ikkje vil utsetja seg sjølve for for helsemessig risiko ved bruk av sterke kjemikaliar

Økologi er samanhengen mellom levande organismar og miljøet.
Sjukdomsframkallande bakteriar trivst dårleg i nærvær av organiske syrer og ved pH-verdiar lågare enn 5.
Ingen problembakteriar toler eit miljø der pH-verdiane er ca 4 over tid, særleg ikkje når pH-verdien er resultatet av ein del organiske syrer. Les meir på vårt Faktaark om reinhald

Optimakonseptet

Sjukdomsframkallande bakteriar trivs dårleg ved pH lågare enn 5 og i nærvær av organiske syrer.
Senking av pH til 4 med utvalde organiske syrer har gjeve overbevisande resultat på hud; både hos folk og dyr.
Erfaringane frå dette området ligg til grunn for utviklinga av Optima reinhaldsprodukt.
Ingen problembakteriar toler eit miljø der pH er ca 4 over tid, og særleg ikkje når denne pH verdien er resultatet av ein del organiske syrer. Eddiksyra er ei av dei beste.

 

 

Til badestampar og treverk av alle slag

Universalvask og organiske syrer egnar seg godt til reingjering av badestampar av tre, og til treverk av alle slag. Dei vedlikeheld den låge pH verdie i treet og tek dermed vare på dei gode bakteriane. Vask med grønsåpe og andre alkaliske vaskemidlar vil heva pH verdien i treet, og øydelegga treets gode mikrobiologiske eigenskapar.

Eddik (04.10.11)

Eddik er brukt heilt frå førhistorisk tid til mange formål i mat og reingjering etc. I vår tid med stadig fleire tilbod om effektive reingjeringsmiddel har folk flest gløymt kor bra eddik er til slike formål. Av og til dukkar det likevel opp meldingar på internett, nå seinast med overskrifta: Vask huset med eddik;
http://www.abcnyheter.no/livet/110929/vask-huset-med-eddik
Her er mange tips om miljøvenleg reingjering.Kva har så dette med Optima å gjera?
Eddiksyra/eddik er eit viktig element i alle våre produkt og til reingjering har me dei to produkta Optima pH universalvask og Optima pH organiske syrer.

I KLINIKKEN, KENNELEN, FJØS, STALL ETC

Bruk Optima pH universalvask med pH 4 til vask av klinikken, kennelen, fjøs, stall, grisehus etc
Bruk Optima pH organiske syrer etterpå hvis du vil ha endå sikrare effekt og endå betre styring på miljøet.
Bruk Optima pH hudvask for dyr og hudspray for dyr/gel til vask og pleie av dyr.
Bruk Optima pH hudvask til handvask og Optima pH hudbalsam til vedlikehald av tørr hud. Les meir på vårt Faktaark.

Dei bakteriane som overlever denne metoden er av det gode slaget. Dette i motsetning til vask med alkaliske og pH nøytrale middel.
Det viktige er å halda eit vedvarande press mot den skadelege floraen. Viss ein gjennomfører dette prinsippet og elles tek omsyn til vanlege hygieniske prinsipp, vil risikoen for oppblomstring av problembakteriar på folk og dyr bli sterkt reduserte.
Optima pH universalvask er eit miljøvenleg og helsemessig godt alternativ til ”kraftvask”, grønsåpe og diverse andre alkaliske vaskemiddel. Kraftvask er ikkje godt for miljøet og er skadeleg for hud og lunger for den som utfører arbeidet.

KUNDEGRUPPER, OPTIMA REINHALD:

• Veterinærar
• Hesteoppdrett
• Hundeoppdrett
• Kennel
• Mjølkeprodusentar
• Gardsbruk med dyr
• Ysteri
• Andre småskalaprodusentar
• Næringsmiddelindustri, storkjøkken
• Kafe, restaurant
• Skular, barnehagar og helseinstitusjonar
• Generelt reinhald i hus og heim