2019/02/19

Takk for utmerka produkt

Eg har no nytta Optima produkta i 3 år. Har lett psoriasis i hodebunn, overkropp og legger. Nyttar hudbalsam 2 gonger daglig og resultatet er utmerket. All kløe er borte, flassing i hodebunnen er helt bort, mens flassing på resten av kroppen er sterkt redusert. Nyttar også hudvask og shampo produkta. 
Vidare har vi også teke i bruk reingjeringsprodukta både til kjøken, bad, gulv og vindusvask. Alle desse produkta fungerar svært godt.

Mann 50 år

2018/06/14

Lett atopisk eksem

Eg var innom deko for 2 månader sidan og fekk hjelp til å velja ut nokre produkt eg skulle teste på guten min som har atopisk eksem. Vedlagt ligg bilde av huda hans før eg starta å bruke optima hudvask pluss, hudbalsam og hudpleie pluss spray. Bruker hudbalsam morgon og kveld og kun hudvask pluss ved vask og liknande.
Han er heilt fin i huda og produkta har vore til veldig god hjelp. Prøvde masse andre kremar og produkt før eg starta med Optima, dette utan hell.

Mvh Anette

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

          Før behandling med Optima                         Etter 3 dager med Optima

2016/02/25

Kviseproblem 2

Har  ei jente på 20 år som ikkje har vore særleg plaga med kviser, men siste året har panna vore full i småkviser. Sjølvsagt fortvila over dette, og ho har prøvd masse kremar og renseprod. Eg fann hudpleie pluss til ho som ho dusjar lett på etter vanleg vask kvar kveld. Panna er blitt veldig bra og jenta er strålande nøgd.

2013/09/15

Har aldri hatt så god hud som nå!

Eg har nå sendt inn mi andre bestilling med Optima-produkt, og dette sjølvsagt fordi eg er veldig tilfreds med dei! Eg «stifta kjennskap» til produkta da eg studerte på Ås for eit par år sidan, og samstundes arbeidde i forskingsfjøset. Nå tenkte eg igjen på det spesielt fordi eg har vore plaga med ein del soppinfeksjonar, spesielt etter mitt fyrste svangerskap. Nå brukar eg både shampo, såpe, hudpleie/balsam, og i tillegg til å ikkje få soppinfeksjonar har aldri hatt så god hud som nå! 🙂